damnlyrics.com

Brevet

Eg sit i kveld og skriv til deg

og kjenner orda spire.

Men enno står det berre eitt

og lyser på papiret.Eit "kjære" berre, står det her.

Eg må vel finne fleire?

Men vide flakkar tankane,

som fuglar kringom reiret.Det er så mangt eg skulle sagt -

Fortenkt eg sit ved bordet

og tenkjer: kanskje er det nok

med dette eine ordet.

Eg ynskjer deg - kvarhelst du bur

langt burte eller nære,

at du kan kjenne varmen frå

det vesle ordet: Kjære.

Song Discussions is protected by U.S. Patent 9401941. Other patents pending.

Enjoy the lyrics !!!