damnlyrics.com

Haustkveld Ved Havet

Ei eldraud kveldsol sig i hav

Og her i avdagselden

Kan hjarta gløyme krav og kav

Og kvile ut i kveldenEi furu står i skrinne jord

Det susar lint i baret

Småbåror kviskrar løynde ord

Til bløretang og tareDei bårene som går mot land

Og syng si same salme

Dei rullar og mot framand strand

Med mandeltre og palme

Det ropar røyster i meg; Kom!

Til andre land og lende

Men kjenner milde hender som

Dreg tanken stilt attendeLangt ute høyres bylgjebrot

Sjøfuglen ber seg ille

Draugen ror sin halve båt

Mot natt og skymingstille

Ei eldraud kveldsol sig i hav

Og her i avdagselden

Kan hjarta gløyme krav og kav

Og kvile ut i kvelden

Song Discussions is protected by U.S. Patent 9401941. Other patents pending.

Enjoy the lyrics !!!