damnlyrics.com

Krigaren eg ikkje kjende

Eg for ut i strid

Då dei framande kom

Eg sloss for min heim og min buskap

Eg kjempa dei ned

Med mitt spjut og min boge

Så dei heime kunne eta og sovaEg drakk og eg skråla

Eg lo og eg skrøyt

Av mine sigrar, mitt mot og min styrke

Eg fortalde om gullet eg fann

Hjå dei eg slakta ned for foteEg vakna brått

Ein kald og mørk morgon

Med buskapen daud og trellane rømde

All mjøden var drukken og venene reist

Då la eg i veg til lovande land

For atter å vende heim med aere

Alle som sto i vegen for meg

Skulle kjenne min styrke og vreideVed ein flod sto ein gammal og støl mann

Han vokta ein båt som eg trong

Eg skulle hogge han ned

Men sverdet brast og

Den gamle sto der og flirte"Fattige tåpe, som aldri har skjøna

At ein krigar skal kjempe mot krigar

Aldri du vinn visst du berre ser fram

Og ikkje inn"

Med eit var den gamle vekk

Og vinden tok med seg båten

Ved bredda sto eg og skua

Men nådde ikkje den andre sida

Då starta kampen mot krigaren

Eg alltid trudde eg kjente

Song Discussions is protected by U.S. Patent 9401941. Other patents pending.

Enjoy the lyrics !!!