Om du var ein seglbåt - Ausekarane
| Page format: |
Om du var ein seglbåt Lyrics
Om du var ei bok skulle eg lest deg,
om du var ein sjø skulle eg solt meg på di strand
om du var ein seglbåt skulle eg sigla deg til land
om du var eit hus ville eg budd der
om du var aleine skull´ eg blitt din beste venn
om du var ein prest skulle eg tenkt meg om igjen
stundom drøymer eg meg vekk
all den gode tid me fekk
vert så klår og tydelig
eg satsa livet mitt på deg,
du satsa livet ditt på meg
Om eg vart redd var du i kreing meg
om eg var ein telefon så ringde du meg støtt
om eg ville kvila lot du meg få sova søtt
stundom drøymer eg meg vekk
all den gode tid me fekk
vert så klår og tydelig
du satsa livet ditt på meg
eg satsa livet mitt på deg,
Om eg var eit frø hadde du sådd meg
stod eg på eit stup hadde du nådd meg før eg falt
om hugen min svikta var det du som visste alt
Om du var ei bok skulle eg lest deg
om du var ein sjø skulle eg solt meg på ei strand
Om du var ein seglbåt sku eg sigla deg te land
